fredag 27. februar 2009

Lykkelenedesign

Nye tunikaer til voksne frå Lykkelenedesign.

lørdag 21. februar 2009

The King and I

I dag har eg og Kongen bursdag!
Dagen er nesten over og det har vore ein flott dag i godt selskap. På menyen stod tapas, fastelavnsbollar og sjokoladekake til frukost faktisk! Det var min meny,- eg er usikker på kva Kongen har ete...
Mykje fint har eg også fått,- med andre ord berre velstand å fylle 40!!!
Bilder kjem vel kanskje etterkvart...
Ha ein strålande kveld,- det vesle som er igjen av den...

søndag 15. februar 2009

Sjå opp for Rudolf!

To nye tunikakjoler frå Lykkelenedesign.
Klikk på navnet for å følge linken.

fredag 13. februar 2009

Fredag den 13.

Fredag den 13. i dag og Valentinsdag ( som vi ikkje feirer her i huset..) i morra, men mykje viktigare,- VM i skiskyting. Heia Norge!
Og vedrørande forrige innlegg,- bror min er ikkje frekk, berre ærleg! Og det varer jo lengst,- og eg er verken fornærma eller lei meg...
God helg til alle!

tirsdag 10. februar 2009

Gørr kjedeleg!

Tittelen på innlegget refererer til kva eldste bror min syns om bloggen min. Den er faktisk så kjedeleg at han ikkje gidd å legge igjen kommentarer. Han syns eg heller skulle legge ut bilder av meg sjølv og familien!
Når ein ser på antall kommentarer så er det jo rimeleg labert, så kanskje du har rett, kjære storebror?!?
Men dei fine morsdags-orkideane er iallefall ikkje kjedelige:0)
Ha ein fin dag!

Til voksne

Tunika til voksne finn du HER

lørdag 7. februar 2009

På forskudd


Morsdagsgåve på forskudd! Tre store, nydelege orkidear,- heilt perfekt!
Ha ein strålande morsdag i morgon,-alle mødre!