torsdag 29. januar 2009
søndag 25. januar 2009
Det som er igjen...
av tulipanbuketten...
I dag har eg fått justert opp "walker-orthosen" min til 0 grader. Du veit, den skinna eg går på som kosta kun 1000,-kr!!! Dvs at fotbladet igjen er "flatt" mot underlaget, og eg skal prøve å belaste så godt eg kan...Forbaska med all snøen og isen som er ute,- det gjer det liksom så mykje vanskelegare for ei med ein fot og krykker. Det føles litt som "hue under armen og ræven i fatle",- som enkelte seier i Bergen...
Ha ein fin tirsdag!
S for...
torsdag 15. januar 2009
Latskap
Eg er ikkje den eg ein gang var,-men det har eg heller aldri vore...
Eg må på PC ei etage ned for å få lagt inn bilder. Som du forstår så gadd eg ikkje det akkurat no, men kanskje seinare i kveld???
Latskapen lenge leve.
Eg må på PC ei etage ned for å få lagt inn bilder. Som du forstår så gadd eg ikkje det akkurat no, men kanskje seinare i kveld???
Latskapen lenge leve.
mandag 12. januar 2009
Ny dag, nye muligheter...
Den som venter på en anledning, taper tid.
- Giordano Bruno
- Giordano Bruno
Litt vondt skal menneskene ha, ellers holder de opp å være mennesker.- Gabriel Scott
I morgon er det fjerning av sting og gips. Jippi!
Det skal bli godt ,sjølv om eg må "gå"med orthose i 4 veker.
Ønsker deg ein fin-fin dag!
onsdag 7. januar 2009
Godt nytt år?
Eg er litt usikker...
Like før nyttår klarte eg nemleg å få meg ein akilles-ruptur (avriven akillessene)på ei trening som eg tydelegvis aldri skulle ha vore på!?!
Operert dagen før nyttårsafta, og no humper eg rundt med krykker og gips. Men trøsten er jo at dei forespeiler meg kun 6 veker utan belastning og så ca 4 veker til med krykker. (Det var ironisk for dei som ikkje måtte forstå min ironi!)
Ja, ja den reelle trøsten får vere at det ikkje er så smertefullt som det høyres ut til, så lenge eg held meg i ro, med foten heva.
Som sikkert ein del av dokke har fått med seg så skulle eg jo også begynne i ny stilling 5.1.
Det er jo enkelt med ein køyretur på 30 min. Men mine strålande sjefar har som alltid gjordt sitt beste for å legge til rette,- så no har eg fått med meg ein del "lesestoff" å sette meg inn i, og PC så eg kan jobbe heimefrå til eg kjem meg på jobb. Tusen takk!
Men reint bortsett frå denne vesle bagatellen så har vi hatt ei strålande jul, og her kjem nokre bilder...

Men reint bortsett frå denne vesle bagatellen så har vi hatt ei strålande jul, og her kjem nokre bilder...
Abonner på:
Innlegg (Atom)

















...Og slik såg det ut i det fri, riktignok før mitt vesle uhell. Har ikkje fått så mykje frisk luft den siste veka, men eg er ved godt mot og ser framover,-det kan vel berre bli betre?! 

Ha ein fin dag, og takk for jule- og nyttårshelsingar!
