torsdag 30. oktober 2008

15.500


...treff på bloggen idet eg logga meg på i dag. Det er kjekt!
Ei rosehelsing til deg som er innom!

onsdag 29. oktober 2008

Dilla på lilla

...Tja, pc`en insisterar på å snu bildet denne vegen???

...og brunt
Det går mykje i lilla for tida. Skiftar gradvis ut dei turkise innslaga i stova med lilla og brunt. Forandring frydar! Også kjolane mine ber preg av at eg har litt dilla på lilla:0)

søndag 26. oktober 2008

Nye muligheter...

Ønsker deg ei fin veke,
full av nye muligheter!

lørdag 25. oktober 2008

Nye smykker


Har omsider fått litt inspirasjon til å lage nokre nye smykker og armband i skinn, sølv og halvedelstein. Det eine smykket og armbandet skal vere bursdagsgåve til ein jubilant i kveld. Så gjenstår det å sjå om ho likar det... (Dei kjem snart i nettbutikken i tillfelle du lurte:)
God helg!

torsdag 23. oktober 2008

Perfect

Dette spreke bilde av Bjørg Thorhallsdottir såg eg på KunstVerket
på Bærums Verk her om dagen.
Likte den knalle fargen, og det positive budskapet. ( You are perfect)
Har du 6000,- kr til overs så kan det bli ditt ved å handle HER.
Eg har desverre ikkje 6000 til overs...

mandag 20. oktober 2008

Gode naboar

...er godt å ha!
I går kom ein av naboane og lurte på om vi ville låne ein av bilane deira sidan vi solgte vår stasjonsvogn i trua om at eg skulle få firmabil 1.10...
(Men sidan eg vart oppsagt før eg fekk begynt i ny jobb, pga innsparinger, så resulterte jo det i ingen jobb, ingen bil!!!)
Men tilbake til våre gode naboar;- er det muleg??? Dei har ein ekstra bil som dei skal selge, og det er ingen kassebil, men ein fire år gammal Opel Vectra som vi då berre kunne låne om vi ville.
Kva seier ein til slikt? Vart heilt perpleks, men kunne nesten ikkje takke nei...
Er ikkje vi heldige som har sååå snille og gode naboar??!

søndag 19. oktober 2008

Små kunstverk

Herleg tegning av minstemann på 4 1/2,-snart 5!!
...og denne flotte som gullemor på 8 har tegna
Denne fine er det Mari på 24 som har laga:0)
Ha ei fin veke!

torsdag 16. oktober 2008

Wallstickers

I siste Rom 123 er det ein reportasje om wallstickers.
Eg vart som dokke ser her ganske så inspirert...
Mykje morsomt å sjå på!
Herleg retro-struts på barnerommet?


...eller retro-giraff?
Denne zebraen likte eg veldig godt...Den kan du finne HER
Vart du også frista så kan du jo kikke på desse adressene:
trendystickers.dk
thewallcompany.dk
supernice.co.uk
designdelicatessen.dk

onsdag 15. oktober 2008

Polka Dots





Har laga tre nye omslagskjolar.
Morsomme å sy, og veldig søte på søte små...

tirsdag 14. oktober 2008

Digiscrapping???

Driver du med digiscrapping eller har erfaring med det så er eg veldig takknemleg om du legg igjen ein liten beskrivelse av korleis ein gjer det, og kva sider som er bra å bruke. Korleis fungerer det med betaling osv...
Har vore innom catscrap.com og scrapscandistyle.com og kikka, men har ikkje prøvd meg endå.
Har du tips og ideer så blir eg glad:0)

mandag 13. oktober 2008

Liten og søt


Liten og søt omslagskjole...
Sjå pris og str. i butikken min om du vil:0)

Inspirert av Kardemomme

Dette er ein kjole eg sydde i helga, etter å ha blitt inspirert av den flotte veska til Kardemomme. Vil du sjå dei andre kjolane eg sydde så klikkar du HER.

lørdag 11. oktober 2008

Mmmm...

...kjempemuffins med eple, kanel og sukker.
Farleg gode!

Ein litt annleis måte å lage "eplekake" på...

Veldig fine,- spesielt på baksida

og morsomt med ulike former...

Desse er laga av vanleg muffinsrøre, eplebitar fra syrlege norske epler, og sist men ikkje minst, kanel og sukker strødd på toppen.
Laga dei store og gode, og dette var dagens lunsj (hysj,hysj...)Det er jo tross alt epler i...
Veldig enkelt og morsomt;- prøv sjølv!

torsdag 9. oktober 2008

Ting og tang





frå heimen...

Kva trur du om dei økonomiske krisetidene?
Er det så alvorleg for oss her i landet som dei vil ha det til?
Ja, eg berre lurer sidan eg for øyeblikket er utan både lønn og bil...
Og for å vere heilt ærleg så forstår eg ikkje heilt at det muleg at ting kan gå så på rattata som dette høyres ut til.
Muligens fordi eg ikkje er økonom?!?
Isåfall kan vi vel berre selge unna litt av våre overflødige ting og tang, som mange av oss her i NIB sikkert har " til overs",- ja,-dersom vi får solgt det då...
Det var litt tankespinn frå meg som tydelegvis har for lite anna å ta meg til! Ja,-det ser slik ut ja...

tirsdag 7. oktober 2008

201

..innlegg har det faktisk blitt her på bloggen. Burde vel ha feira med boller og brus, men lar det forbigå i stillhet denne gang! Kjem sterkare tilbake ved ein seinare anledning...
Ha ein fin kveld,- no skal eg kose meg med Grey`s anatomy:0)

søndag 5. oktober 2008

Ei hand...

Gje meg handa di, ven

- Sondre Bratland

Gje meg handa di, ven, når det kveldnar,
det blir mørkt og me treng ei hand.
La dei ljose og vennlege tankar
fylgje oss inn i draumars land.
Lat varmen frå ein som er glad i deg
tenne stjerner i myrkaste natt.
Gje meg handa di, ven, når det kveldar,
det blir mørkt og me treng ei hand.


Varme tankar og hender som trøystar
er som sol over frosen jord.
Kjenne varmen frå ein som er nær deg
gjev langt meire enn store ord!
Lat varmen frå ein som er glad i deg
tenne stjerner i mørkaste natt!
Gje meg handa di, ven, når det kveldar,
det blir mørkt og me treng ei hand.

Fargerikt





...og kaldt på fjellet. Køyrde fra vest- til austlandet, over Hemsedalsfjellet i går, og slik såg det ut der.
Utruleg masse flotte haustfargar på trea. Fekk desverre ikkje tatt bilder av dei flottaste fargane, for då låg fotoapparatet langt bak i bagasjen...
Humøret mitt er mykje bedre og skuldrane er nesten tilbake på plass. Det ordnar seg jo for snille jenter... Meir om dette seinare.
Ha ei fargerik veke:0)